Eg, mamma og pappa gjekk tur med hunden ein kveld og då traff vi på ein fotograf som kom frå Los Angeles i Carlifornia. Han tok bileter av tøffe bilar og motorsyklar. Det var så artig at superfotografen var akkurat her som eg bur!
Mamma tok bileter og skreiv eit innlegg til lokalavisa. Eit av bileta var av meg, og tenk at det kom på trykk!!!
Her er eg i lag med fotografen Peter Linney. Han viser oss bileter som han har teke i Los Angeles. Det er så vidt dokke ser meg heilt i kanten av biletet!
Her står han og tek bileter av bilen. Det er ein Chevrolet Camaro. Vi måtte vere heilt stille så vi ikkje forstyrra Peter!
Her er mannen som eig bilen. Han heiter Oddgeir Sollid og kjem frå Stryn. Snart er bilen hans kjendis i blad verda over!!!
I det neste innlegget mitt skal eg vise mange bileter frå alt eg styrer med når det er sol og sommar ute!
Sommarhelsing frå
Ida