I går feira klassevenninna mi, Emilie, 10 års-bursdagen sin! Ho hadde invitert alle jentene i klassa (+ nokre til) til karneval! Eg visste ikkje heilt kva eg skulle vere, men så kom eg på at bestemor hadde ei kul skinnjakke frå “gamle dagar”, og dermed vart eg ein rockar!
Mamma sminka og ordna meg. Då eg såg meg fyrste gongen syntest eg at eg var skummel…
Eg har aldri hatt så mykje sminke før! Når eg tenkjer meg om har eg vel aldri brukt sminke før, hi, hi!
Det var kjekt å stå på badet å sjå kor eg forvandla meg til å verte eit slags rockemonster! Det var eigentleg ganske stilig å verte sminka slik, men det blir nok ingen vane å gå rundt med slik sminke, he, he…. (mamma seier forresten at det er leeenge til eg får lov til å sminke meg…)
Dei andre jentene i bursdagen hadde kledd seg ut som marihøner, prinsesser, indianar, pusekatt, heks, magedansar og mykje meir! Og eg var altså ein punkerockar!
Då eg kom heim brukte vi ganske lang tid på badet for å få vaska vekk all sminka!
Det var ein kjemepkjekk bursdagfest Emilie hadde!!!