lørdag 15. august 2009

Gøy med blomster!

Hugsar du eit bilete eg hadde i eit tidlegare innlegg??? Av dei visne blomane til mamma??? I dag fekk eg henne til kjøpe nye. Vi jentene var ein tur innover på handel, og eg fekk bestemme kva blomar vi skulle kjøpe.

Ida sine bloggbileter 002

Vi måtte på to blomsterbutikkar for å finne dei blomane eg ville ha!

Ida sine bloggbileter 010

Mamma snitta stilkane og fjerna blad, medan eg og lissjesysta mi danderte dei i tre ulike vasar. Her har eg fått meg rosestilkbart!

Ida sine bloggbileter 011

Ida sine bloggbileter 012

Mmmmmm – det er deilig med roser!!!

Ida sine bloggbileter 013

Lissjesysta mi må alltid gjere det same som meg. Ho fekk sin eigen vase og fekk styre som ho ville. Her konsentrerer ho seg visst veldig…

Ida sine bloggbileter 015

Dette biletet er litt uklart, men eg måtte berre ha det med! Her kranglar vi nemleg om siste rosa! Det vil seie; det var eigentleg mi rose, men Sina ville ha den. Vi sleit og drog heilt til stilken knakk i to… Ja, ja…

Ida sine bloggbileter 009

Sina ville også ta bileter!!!

Ida sine bloggbileter 016

Her er ein av dei minste vasane eg laga til. Mamma er så glad i å bruke Norgesglas, så då vart det eitt denne gongen òg!

Ida sine bloggbileter 019

Eg og Sina er godt nøgde med blomsterdekoratørjobben vår!

Ida sine bloggbileter

Etter at vi var ferdige med å fylle vasane, pynta vi litt på bordet til mamma! Mamma vart kjempeglad og syntest det vart veldig fint!

PS! I dag var det mamma som tok alle bileta,eg var så oppteken med blomane forstår du vel!

6 kommentarer:

  1. Så fint du har laga til og pynta! Stor og flink jente du :)

    SvarSlett
  2. Så flink dokke er som pyntar slik til mamma! Kan tenke meg ho blei kjempeglad!

    Kosleg å lese bloggen din:) Kjem nok til å sjå innom den fleire gongar!

    SvarSlett
  3. Så kjekt at du fikk velge blomster å dekorere etterpå;)
    Kjempeflott;)
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  4. kor flinke dokke e :)
    Heldige mamman din som får så mange fine blomster

    smil fra monika

    SvarSlett
  5. Tusen takk for at du og Sina pynta så fint til meg, Ida!!!! Du er jammen flink, storejenta mi!!!

    SvarSlett