torsdag 27. august 2009

Fyrste skuledag på Velle skule!

Då har eg gått ei heil veke på Velle skule. Det var kjempekjekt å få så mange nye medelevar og lærarar!  Eg grudde meg kanskje litt, men det var så mange eg kjende at det gjekk bra likevel. Eg trur kanskje mamma var meir nervøs enn meg…

084

Her gjekk eg frå mamma sin skule og ned til min skule. Det tok berre litt meir enn eit minutt å gå! Mamma ville vere med,  sidan det var fyrste dagen vår på ny skule. Det er ho som har tatt bileta.

085

Her er tøysebroren min, Johan. Han hadde sommarfuglar i magen, akkurat som meg.

087

Det var litt meir enn 300 elevar samla utanfor skulen, så det var godt å halde i ei trygg hand. Her står eg ilag med bestekompisen min Peter og mora hans.

088

Her er eg i gangen. Eg var så spent på korleis klasseromet såg og kven eg skulle sitte ilag med.

089

Det var så spennande å snu seg bak og sjå på dei andre elevane…

091

Då alle var komne på plass, kunne mamma berre gå. Ho tok eit siste bilete av meg før ho gav meg ein god klem og gjekk tilbake til skulen sin.

Det er kjempekjekt å vere 2. klassing på Velle skule!

 

2 kommentarer:

  1. Lille Ida miiiiii!!!!! Kor kjekt å sjå glimt frå den fyrste skuledagen din!! Like blid og søt som alltid :)

    Stor klem frå tante Linda.

    SvarSlett
  2. Håper du får et supert år i andre klasse! Du er forresten ei nydelig jente :-)

    SvarSlett