Då har eg gått ei heil veke på Velle skule. Det var kjempekjekt å få så mange nye medelevar og lærarar! Eg grudde meg kanskje litt, men det var så mange eg kjende at det gjekk bra likevel. Eg trur kanskje mamma var meir nervøs enn meg…
Her gjekk eg frå mamma sin skule og ned til min skule. Det tok berre litt meir enn eit minutt å gå! Mamma ville vere med, sidan det var fyrste dagen vår på ny skule. Det er ho som har tatt bileta.
Her er tøysebroren min, Johan. Han hadde sommarfuglar i magen, akkurat som meg.
Det var litt meir enn 300 elevar samla utanfor skulen, så det var godt å halde i ei trygg hand. Her står eg ilag med bestekompisen min Peter og mora hans.
Her er eg i gangen. Eg var så spent på korleis klasseromet såg og kven eg skulle sitte ilag med.
Det var så spennande å snu seg bak og sjå på dei andre elevane…
Då alle var komne på plass, kunne mamma berre gå. Ho tok eit siste bilete av meg før ho gav meg ein god klem og gjekk tilbake til skulen sin.
Det er kjempekjekt å vere 2. klassing på Velle skule!
Lille Ida miiiiii!!!!! Kor kjekt å sjå glimt frå den fyrste skuledagen din!! Like blid og søt som alltid :)
SvarSlettStor klem frå tante Linda.
Håper du får et supert år i andre klasse! Du er forresten ei nydelig jente :-)
SvarSlett