søndag 26. februar 2012

Rock ‘n Roll på karneval!

I går feira klassevenninna mi, Emilie, 10 års-bursdagen sin! Ho hadde invitert alle jentene i klassa (+ nokre til) til karneval! Eg visste ikkje heilt kva eg skulle vere, men så kom eg på at  bestemor hadde ei kul skinnjakke frå “gamle dagar”, og dermed vart eg ein rockar!

idarock

Mamma sminka og ordna meg. Då eg såg meg fyrste gongen syntest eg at eg var skummel…

idarock1 copy

Eg har aldri hatt så mykje sminke før! Når eg tenkjer meg om har eg vel aldri brukt sminke før, hi, hi!

idarock2

Det var kjekt å stå på badet å sjå kor eg forvandla meg til å verte eit slags rockemonster! Det var eigentleg ganske stilig å verte sminka slik,  men det blir nok ingen vane å gå rundt med slik sminke, he, he…. (mamma seier forresten at det er leeenge til eg får lov til å sminke meg…)

idarock3

Dei andre jentene i bursdagen hadde kledd seg ut som marihøner, prinsesser, indianar, pusekatt, heks, magedansar og mykje meir!  Og eg var altså ein punkerockar!

idarock4

Då eg kom heim brukte vi ganske lang tid på badet for å få vaska vekk all sminka!

Det var ein kjemepkjekk bursdagfest Emilie hadde!!!

lørdag 16. juli 2011

Eg var i avisa i dag!!!

Eg, mamma og pappa gjekk tur med hunden ein kveld og då traff vi på ein fotograf som kom frå Los Angeles i Carlifornia. Han tok bileter av tøffe bilar og motorsyklar. Det var så artig at superfotografen var akkurat her som eg bur!

IMG_0962

Mamma tok bileter og skreiv eit innlegg til lokalavisa. Eit av bileta var av meg, og tenk at det kom på trykk!!!

IMG_0659

Her er eg i lag med fotografen Peter Linney. Han viser oss bileter som han har teke i Los Angeles. Det er så vidt dokke ser meg heilt i kanten av biletet!

IMG_0627

Her står han og tek bileter av bilen. Det er ein Chevrolet Camaro. Vi måtte vere heilt stille så vi ikkje forstyrra Peter!

IMG_0651

Her er mannen som eig bilen. Han heiter Oddgeir Sollid og kjem frå Stryn. Snart er bilen hans kjendis i blad verda over!!!

I det neste innlegget mitt skal eg vise mange bileter frå alt eg styrer med når det er sol og sommar ute!

Sommarhelsing frå

Ida

torsdag 27. august 2009

Fyrste skuledag på Velle skule!

Då har eg gått ei heil veke på Velle skule. Det var kjempekjekt å få så mange nye medelevar og lærarar!  Eg grudde meg kanskje litt, men det var så mange eg kjende at det gjekk bra likevel. Eg trur kanskje mamma var meir nervøs enn meg…

084

Her gjekk eg frå mamma sin skule og ned til min skule. Det tok berre litt meir enn eit minutt å gå! Mamma ville vere med,  sidan det var fyrste dagen vår på ny skule. Det er ho som har tatt bileta.

085

Her er tøysebroren min, Johan. Han hadde sommarfuglar i magen, akkurat som meg.

087

Det var litt meir enn 300 elevar samla utanfor skulen, så det var godt å halde i ei trygg hand. Her står eg ilag med bestekompisen min Peter og mora hans.

088

Her er eg i gangen. Eg var så spent på korleis klasseromet såg og kven eg skulle sitte ilag med.

089

Det var så spennande å snu seg bak og sjå på dei andre elevane…

091

Då alle var komne på plass, kunne mamma berre gå. Ho tok eit siste bilete av meg før ho gav meg ein god klem og gjekk tilbake til skulen sin.

Det er kjempekjekt å vere 2. klassing på Velle skule!

 

lørdag 15. august 2009

Gøy med blomster!

Hugsar du eit bilete eg hadde i eit tidlegare innlegg??? Av dei visne blomane til mamma??? I dag fekk eg henne til kjøpe nye. Vi jentene var ein tur innover på handel, og eg fekk bestemme kva blomar vi skulle kjøpe.

Ida sine bloggbileter 002

Vi måtte på to blomsterbutikkar for å finne dei blomane eg ville ha!

Ida sine bloggbileter 010

Mamma snitta stilkane og fjerna blad, medan eg og lissjesysta mi danderte dei i tre ulike vasar. Her har eg fått meg rosestilkbart!

Ida sine bloggbileter 011

Ida sine bloggbileter 012

Mmmmmm – det er deilig med roser!!!

Ida sine bloggbileter 013

Lissjesysta mi må alltid gjere det same som meg. Ho fekk sin eigen vase og fekk styre som ho ville. Her konsentrerer ho seg visst veldig…

Ida sine bloggbileter 015

Dette biletet er litt uklart, men eg måtte berre ha det med! Her kranglar vi nemleg om siste rosa! Det vil seie; det var eigentleg mi rose, men Sina ville ha den. Vi sleit og drog heilt til stilken knakk i to… Ja, ja…

Ida sine bloggbileter 009

Sina ville også ta bileter!!!

Ida sine bloggbileter 016

Her er ein av dei minste vasane eg laga til. Mamma er så glad i å bruke Norgesglas, så då vart det eitt denne gongen òg!

Ida sine bloggbileter 019

Eg og Sina er godt nøgde med blomsterdekoratørjobben vår!

Ida sine bloggbileter

Etter at vi var ferdige med å fylle vasane, pynta vi litt på bordet til mamma! Mamma vart kjempeglad og syntest det vart veldig fint!

PS! I dag var det mamma som tok alle bileta,eg var så oppteken med blomane forstår du vel!

torsdag 13. august 2009

Morgonen min!

Hei alle sammen!

Det var så kjekt å stå opp i dag tidleg å sjå kor mange som har vore innom bloggen min og endåtil skrive kommentarar til meg! Så då måtte eg sjølvsagt lage eit nytt innlegg!

Ida sine bloggbileter 001

I går sa eg at eg skulle vise deg bilete av det flotte fjellet “mitt”. Eg tok deg gjenom altandøra vår i dag tidleg. Du ser også pappa sin flytthengar, og den gler han seg til å bruke i dag, for han har fått seg ny gravemaskin! No går han berre rundt og trippar og ventar på at ho skal kome. Mamma og pappa var i Tønsberg og kjøpte den.

Ida sine bloggbileter 003

Sjå så flotte fotballpremiar eg har fått! No gler eg meg til fotballtreninga byrjar igjen!

Ida sine bloggbileter 006

Dette er den søte, snille bofsen min, RAMBO! Her ligg han i mamma sin godstol og vaskar seg. Han har eigentleg ikkje lov til å ligge der, særleg ikkje når han vaskar seg, men når ikkje mamma ser brukar han å lure seg til!

Ida sine bloggbileter 010

Her kjem han taslande, nyvaska og fin! Mamma seier at han må dusje seg snart, og så skal ho klippe han og børste han så han blir fin til helga.

Ida sine bloggbileter 008 

Medan Rambo vaska seg, såg eg Pippi på barne-TV.

No skal eg snart vere med pappa og hente gravemaskina. Den kjem på ein stor lastebil, heilt frå Tønsberg.

onsdag 12. august 2009

Jippi – mitt aller fyrste blogginnlegg!!!!

Hei!

Eg heiter Ida og blir 7 år i oktober! I mitt aller fyrste blogginnlegg skal eg vise deg nokre bileter frå dagen min i dag!

Tove, sommar 029

Dette er altså eg, Ida. Mamma tok dette biletet av meg då eg tulla med veslesystra mi i sofaen i dag.

Tove, sommar 028

Tøysemamma og tøysesyster. Eg sit i bakgrunnen og ser kor dei tøysar.

Tove, sommar 032

Eg trur mamma snart på skifte ut blomane på spisebordet, hi,hi!!! Dei heng litt med haudet!

Tove, sommar 035

Lissjesystra mi måtte ete middag åleine i dag, vi andre hadde ete frå før. Ho brukte tryllestaven for å trylle maten ned i magen.

Tove, sommar 036

Denne lille snuppeluppa heiter Sannah og er syskenbarnet mitt. Ho har bursdag på same dag som meg, og då blir ho to år!

Tove, sommar 037

Eg sa til mamma at bloggen min skulle heite “Gøy på landet!”, fordi eg bur på ein gard på landet og eg har det kjempegøy! Dette er utsikta mi!

Tove, sommar 038

Storebroren min har fått seg nokre nye spelegreier i dag, og har vore opptatt med motorsykkelkøyring i heile dag!

Tove, sommar 042

Her eg bur har vi eit fjell som heiter Liadalsnipa. I dag var det ikkje så mykje å vise fram, for ein skoddedott låg og gøymde det. Du skal få sjå eit annan bilete ein annan dag, for det er eit kjempefint fjell!

Tove, sommar 043

Måtte ha med eit bilete av lissjesysta mi si dokke!

Tove, sommar 046

Desse småfotane har sprunge over mange fjøresteinar i sommar!

Tove, sommar 051

Her er eit bilete av det aller beste lissjesystra mi veit om: grøne oliven med stein! Og det må vere oliven i olje, viss ikkje seier ho berre “ÆSJ!”. Tenk at ho er to år og elskar oliven!!!

Då er eg ferdig med mitt aller fyrste blogginnlegg!

Håper du syntest det var kjekt å sjå kor eg har hatt det i dag!