søndag 26. februar 2012

Rock ‘n Roll på karneval!

I går feira klassevenninna mi, Emilie, 10 års-bursdagen sin! Ho hadde invitert alle jentene i klassa (+ nokre til) til karneval! Eg visste ikkje heilt kva eg skulle vere, men så kom eg på at  bestemor hadde ei kul skinnjakke frå “gamle dagar”, og dermed vart eg ein rockar!

idarock

Mamma sminka og ordna meg. Då eg såg meg fyrste gongen syntest eg at eg var skummel…

idarock1 copy

Eg har aldri hatt så mykje sminke før! Når eg tenkjer meg om har eg vel aldri brukt sminke før, hi, hi!

idarock2

Det var kjekt å stå på badet å sjå kor eg forvandla meg til å verte eit slags rockemonster! Det var eigentleg ganske stilig å verte sminka slik,  men det blir nok ingen vane å gå rundt med slik sminke, he, he…. (mamma seier forresten at det er leeenge til eg får lov til å sminke meg…)

idarock3

Dei andre jentene i bursdagen hadde kledd seg ut som marihøner, prinsesser, indianar, pusekatt, heks, magedansar og mykje meir!  Og eg var altså ein punkerockar!

idarock4

Då eg kom heim brukte vi ganske lang tid på badet for å få vaska vekk all sminka!

Det var ein kjemepkjekk bursdagfest Emilie hadde!!!

6 kommentarer:

  1. Du er superflott, gode jenta mi!!! Verdens beste Ida!!! Mamma er så stolt av deg!!!

    God mammaklem <3

    SvarSlett
  2. Så kul du var, og fin blogg har du også.
    Vi har vinterferie nå, har du?

    SvarSlett
  3. Ja eg begynner på att på skule i morgon. Takk for kommentaren!
    helsing Ida

    SvarSlett
  4. Ja eg begynner på att på skule i morgon. Takk for kommentaren!
    helsing Ida

    SvarSlett
  5. Du blei kjempe cool!!! Så fint sminka og! Og dei finaste augo:))) Jeg er en som egentlig leser bloggen til mammaen din:)) Men synes du var så fin at jeg måtte hit og se flere bilder.

    Og fin er du:)))

    SvarSlett
  6. wow,så stili du var:-) mi jente bloggar også. Ho blir 11 i mars. Du kan jo ta ein kikk på blaaklokkepiken.blogspot.com
    Kanskje de kan bli blogg venner :-)

    helsing Åsne

    SvarSlett