Hei!
Eg heiter Ida og blir 7 år i oktober! I mitt aller fyrste blogginnlegg skal eg vise deg nokre bileter frå dagen min i dag!
Dette er altså eg, Ida. Mamma tok dette biletet av meg då eg tulla med veslesystra mi i sofaen i dag.
Tøysemamma og tøysesyster. Eg sit i bakgrunnen og ser kor dei tøysar.
Eg trur mamma snart på skifte ut blomane på spisebordet, hi,hi!!! Dei heng litt med haudet!
Lissjesystra mi måtte ete middag åleine i dag, vi andre hadde ete frå før. Ho brukte tryllestaven for å trylle maten ned i magen.
Denne lille snuppeluppa heiter Sannah og er syskenbarnet mitt. Ho har bursdag på same dag som meg, og då blir ho to år!
Eg sa til mamma at bloggen min skulle heite “Gøy på landet!”, fordi eg bur på ein gard på landet og eg har det kjempegøy! Dette er utsikta mi!
Storebroren min har fått seg nokre nye spelegreier i dag, og har vore opptatt med motorsykkelkøyring i heile dag!
Her eg bur har vi eit fjell som heiter Liadalsnipa. I dag var det ikkje så mykje å vise fram, for ein skoddedott låg og gøymde det. Du skal få sjå eit annan bilete ein annan dag, for det er eit kjempefint fjell!
Måtte ha med eit bilete av lissjesysta mi si dokke!
Desse småfotane har sprunge over mange fjøresteinar i sommar!
Her er eit bilete av det aller beste lissjesystra mi veit om: grøne oliven med stein! Og det må vere oliven i olje, viss ikkje seier ho berre “ÆSJ!”. Tenk at ho er to år og elskar oliven!!!
Då er eg ferdig med mitt aller fyrste blogginnlegg!
Håper du syntest det var kjekt å sjå kor eg har hatt det i dag!
Kor flink du er Ida. Tippar på at mammaen din er veldig stolt av deg.
SvarSlettDu hadde mange flotte bilete, eg kjem nok til å kike innom bloggen din fleire gongar.
Hei Ida, det var kjekt å ta ein titt på bloggen din og sjå og lese om korleis dagen din har vore. Håper du får ei fin siste ferieveke før skulen startar igjen!
SvarSlettSå flott innlegg med fine bilder!
SvarSlettDu er jo kjempeflink;)
Gleder meg til å se mer jeg;)
Klem fra Maja
Så fin blogg du har! Takk for titten! :)
SvarSlettHei Ida. Så morsomt at du har fått deg blogg. Mange fine bilder!
SvarSlettJeg har også en datter som har sin egen blogg. Hun er ganske stor - 15 år, men blir veldig glad for å få besøk, så du må gjerne stikke innom hos henne.
www.pia-v.blogspot.com
Jeg kommer tilbake til "Gøy på landet" for å se hva mer du finner på!
hei ida!
SvarSlettgratulerer med ny og superfin blogg:)veldig koselig å lese om hva du har gjort i dag...og jeg likte veldig godt de fine bildene du har tatt!!
gøy med blogg, ikke sant???;)
ha en fin dag...klem fra Tara:)
Heia
SvarSlettJa her var det mye Gøy på landet :)
og du er flinke til å ta bilde
Smil fra monika
ps. kom gjerne på besøk og ha det litt gøy på landet her og - sammen med alle dyra vi har
og no kommer det snart små kalver også ;)
Så koseleg!
SvarSlettJa, det er kjekt å vekse opp på ein gard...
Det har eg også gjort ;-)
Hei Ida:0)
SvarSlettGratulerer med ny blogg som er kjempefin...
Masse fine bilder frå dagen din, akkurat sånn det skal vere!!
Eg har ei jente som er like gammal som deg som og synst det er spennande med blogging.
Hei Ida :) for en flott blogg og så gøy de var å se på alle bildene dine. Høres ut som om du har flotte dager:)
SvarSlettHei Ida. Jeg pleier å lese bloggen til mammaen din, og da ho fortalte at du skulle lage egen blogg måtte jeg inn å se. Så mye fine bilder du har tatt, og så morsomt det tøysebilde mamma hadde tatt av deg var. Gleder meg til å se hva mer du blogger om etterhvert. Hilsen ei tulle fra Herøy.
SvarSlettHei Ida!
SvarSlettSå fint at du har fått din eigen blogg! Du er kjempeflink til å ta bilete. Gledar meg til å følge med framover!
Klem frå Anne-Mette